Airbnb for straum

Über snudde taxibransjen på hovudet. Airbnb sendte sjokkbølgjer gjennom hotellbransjen. Tibber er i ferd med å sende energibransjen same veg.

Tekst og foto: Kristine Folland

– Vi lever i ei tid der disruptive idear revolusjonerer dei eksisterande rammene. Energisektoren er i ferd med å bli snudd opp ned. Folk får smartare teknologi i husa sine, og det kjem stadig fleire digitale massetenester som gjer det enkelt å ta i bruk nye løysingar, fortel gründer i Tibber, Edgeir Aksnes.

Aksnes og medgründer Daniel Lindén hadde jobba i energibransjen ei årrekkje, då ideen om Tibber vart fødd.

– Vi såg at vi kunne vere med å demokratisere straumproduksjonen, ved å gå forbi kraftselskapa og direkte til kunden. Vi følte vi sat med ein fantastisk idé, samtidig som vi begge hadde knalljobbar. Vi telte på knappane ein månads tid, diskuterte fram og tilbake. Fekk vi dette til, kunne vi vere med å endre verda. Og tida var no.

Dagen etter sa dei begge opp jobbane sine.

Deretter har det gått slag i slag for Førdebedrifta. Først danka dei ut 1000 andre startup-bedrifter i Petter Stordalen sin gründerkonkurranse, Strawberry. Deretter valgte Stordalen å investere 2,5 millionar i bedrifta.

– Vi hadde tre namn på blokka, som vi drøymde om å samarbeide med. Forretningsmannen Petter Stordalen, hjernen bak Klarna-eventyret, Mikael Wintzell og klimaforkjemparen Al Gore, smiler Aksnes.

No er 2 av 3 ein del av teamet bak Tibber.

Smarte hus

Tibber gjer det mogleg for forbrukaren å erstatte straumleverandøren med ein app. Appen finn til eikvar tid den billegaste, fornybare straumen på marknaden. I tillegg er Tibber kopla opp mot smarte termostatar, som ein kan montere på eksisterande varmepumper, panelovnar etc. På denne måten kan ein redusere energiforbruket når ein ikkje treng det.

– I ein vanleg einebustad brukar vi ca 75 prosent av straumen til oppvarming. Ved å setje inn smarte termostatar, kan ein styre varmen og unngå å varme opp huset for mykje. Det treng ikkje vere 24 grader når ingen er heime, seier Aksnes.

Aksnes fortel av ved å nytte seg av smarte termostatar, oppgradere varmepumpa, samt å bytte til LED-pærar, har han redustert straumforbruket i sitt eige hus frå 26 000 kwh til 17 000 kwh.

– Om få år er dei fleste hushaldningsartiklar utstyrt med wifi. Alt blir smartteknologi. Vi jobbar tett med dei beste hardwareprodusentane, slik at vi på ein god måte kan kople dei inn i Tibber og redusere energibruken yttarlegare.

Kapitalisme + idealisme

Nyleg lanserte også Førde-bedrifta sitt andre produkt, Tibber Solarset. Dette er eit virtuelt batteri som lar husstandar med solceller på taket lagre inntil 10 000 kwh solenergi.

– Fleire og fleire installerer solceller på husa sine. Når sola står midt på dagen, er straumforbruket i dei fleste hushaldningar lågt. Ved hjelp av Solarset kan ein lagre heimeprodusert straum i eit community-batteri. I praksis betyr dette at ein låner vekk overskotsstraumen til andre Tibber-kundar, inntil ein treng den sjølv seinare.

Ordninga er i hovudsak rulla ut i Sverige, men vil framover også introduserast på den norske marknaden.

– Vi vil gjere det mogleg for kvar enkelt å ta løftet og bidra til å gjere planeten vår litt meir leveleg i framtida. Viss alle i Asia skulle lagt seg på same nivå som oss, hadde vi hatt eit alvorleg problem. Fram til relativt nyleg har investeringar i berekraftige løysingar vore ein ekstrakostnad. Vårt produkt gir dessutan ein økonomisk gevinst, så sjølv klimaskeptikarane kan ikkje klage. Det er bra for deg personleg og bra for planeten, seier Aksnes.

Marknad i 29 land

Målsetjinga for 2017 var å få 4000 kundar. Tre månader etter lanseringa i februar hadde Tibber allereie 5000 brukarar.

– Det har gått over all forventing. Vi er på noverande tidspunkt den sterkast veksande tenesta innan smartstraum i Norden.

I dag består Tibber av 45 tilsette. 10 menneske og 35 robotar. Innan dei nesten 18 månadene er omme, skal ti nye vere på plass. Halvparten på hovudkontoret i Førde, og resten på distriktskontor i Stockholm.

– I Førde har vi det største kompetansemiljøet innan energimarknaden i Norden, med Sunnfjord Energi, Enoro, SFE, og NVE i umiddelbar nærleik. Vår kvardag er digital, så om medarbeidarane våre sit i Stockholm eller her, har liten betydning. Innflyginga til Bringeland er noko meir spektakulær enn på Arlanda, smiler Aksnes.

Selskapet er godt etablert i Norge og Sverige, men planen er allereie lagt for nye marknader.

– Vi har gjennomført ei omfattande screening av kva marknadar som passar vårt produkt, og i dag er det 29 marknadar vi kan gå inn i. Land som Danmark, Tyskland, Storbritannia, Australia og Canada har eit likt regulatorisk system som Norge og Sverige, så her ligg forholda svært godt til rette.

95 prosent hardt arbeid

– Den største utfordringa er å handtere at ting tar tid. Vi blir aldri nøgde med hastigheita vi går fram. Vi treng ikkje nødvendigvis vere først ute heile tida, men vi må aldri bremse. Klarar vi å oppretthalde tempoet, kjem vi til å nå langt, seier Aksnes.

Kvar dei er om eit år, er umogeleg å forutsjå.

– Tibber har eksistert i eitt år, og allereie no er alt vesentleg annleis enn det eg såg føre meg for eit år sidan. Det som er sikkert, er at vi kjem til å bevege oss raskt. Jobbar vi hardt nok, vil vi få ein payoff til slutt. Sjølve ideen er fem prosent av selskapet – dei resterande 95 er systematisk hardt arbeid. Så det er eigentleg opp til oss sjølve, seier Aksnes.