Entreprenør i tusen meters høgde

Å bygge i tusen meters høgde er utfordrande. 150 personar jobbar på spreng for å få på plass Norges første gondolbane på 55 år.

Tekst: Kristine Askvik Foto: Silje Katrine Robinson

– Då eg fekk høyra om det skulle byggast gondolbane og restaurant oppe på Hoven, vart eg heilt fascinert. Dette måtte eg berre vere med på. Viss ikkje firmaet mitt hadde fått oppdraget, måtte eg ha sagt opp og begynt hos entreprenøren som fekk det, seier Frank Sanden (27) og ler.

Men han slapp å seie opp. No er han formann for HS Bygg og er den som har oversikt og kontroll over betongarbeidet på fjelltoppen.

Sjeldan vare i Noreg

Ikkje på 55 år har det blitt bygd ei gondolbane i Norge. Hotelleigar Richard Grov ved Alexandra Hotel og ei rekke lokale investorar i Loen og Nordfjord har tatt skikkeleg sats. Dei brukar 268 millionar på på gondolbane og restaurant høgt der oppe. Dei ønskjer å tilby lokalfolk og turistar ei spektakulær oppleving.

– Vi har kapasitet til 350 personar i restauranten. Sommarsesongen er allereie fullbooka, fortel driftsleiar Arne Reme i Hoven Loen.

Han jobba som ingeniør i Kongsberg, då det byrja å gå nedover med oljebransjen. Då flytta han heim til Stryn og begynte i firmaet Stryvo. Verksemda er ein av entreprenørane på prosjektet i Hoven Loen.

Reme arbeidde allereie med prosjektet, då han sendte inn ein open søknad til prosjektleiinga for heile Hoven Loen. Han tenkte at dei måtte tilsette ein driftsleiar etter kvart. Det hadde han heilt rett i.

Gutta på taket: Helge Kroken (frå høgre), Simon Sunde Osvold, Frank Sanden, Andreas Strand og Edgar Lunde ferdigstillar taket på restauranten.

«Sjølv drøymer eg om å ta bana opp her etter jobb og køyre på ski heim til Stryn.»
– Frank Sanden

990 meter høgdeskilnad

Reme begynte i jobben som driftsleiar og HMS-ansvarlig i oktober 2016. No tek han hand om organisering og tilrettelegging av byggearbeid, og har kontrollen på HMS-arbeidet.

Frå oppstart i mai 2017 vil han vere den som skal sørge for god drift av gondolbana og restauranten.

– Eg kjenner på ansvaret. Fallhøgda er stor. Difor legg eg inn eit ekstra gir, seier Reme.

Frå nedre stasjon der gondolbanen begynner og opp til toppen er det 990 meter i høgdeskilnad. Vaierane heng fritt i 1400-1500 meter. Med fullasta gondol vil det vere 53 prosent stigning på det brattaste.

Rullator og ekstremsport

Oppe på fjellet peikar Reme utover mot fjella bak restauranten. Her er det laga klar stiar der ein kan gå med både rullator og barnevogn. Det vil òg vere mogleg å ta bana opp, gå nokre hundretals høgdemeter og stå på ski ned til Loen eller til Stryn.

– Her vil det bli eit tilbod til alle, både dei sprekaste og dei som ikkje ville gått opp her til fots. Vi gjer høgfjellet tilgjengeleg for fleire, og ønskjer å vere attraktive både for turistar og for lokale innbyggarar, seier Reme.

Stolt: Driftsleiar og HMS-ansvarleg. Arne Reme gler seg til opninga i mai 2017.

Spenstig og spektakulært

Helge Kroken står på den eine sida av restaurantbygget og klargjer før glasveggane skal settjast inn.

– Det er fint og luftig her. Det er ikkje alle som har ein slik utsikt når dei er på jobb. Eg trur dette kjem til bli både spektakulært og spenstig, seier Kroken. Han kom rett frå teknisk fagskule og til sin første jobb i Loen august 2016. No er han formann for tømmerarbeidet til HS Bygg.

For å kome opp på fjellet Hoven i Loen med anleggsmaskiner og materiale, måtte ein laga ein heilt ny veg. Før gjekk det ikkje veg heilt opp. No har ein laga ein veg som er akkurat brei nok til at så store maskiner kan komme seg opp. På det brattaste har vegen 20 prosent stigning.

I april 2016 begynte arbeidet på toppen. Alle entreprenørane som deltek er lokale. Dei har vunne anbod og vist seg som dei beste. Mange av arbeidarane og leiarane er under 30 år. Kun entreprenøren av sjølve gondolbana kjem utanfrå. Den ekspertisen er henta inn frå Sveits.

To millimeter avvik

– Det er veldig spennande og utfordrande å få vere med på eit prosjekt som dette. Då vaieren til gondolbana skulle monterast, skulle til dømes bygget på toppstasjonen passe inn med sveitsarane sine deler. Over spennet på 1500 meter, klarte vi å få det til med berre to millimeter avvik, fortel Sanden.

Alle som arbeidar yttarst på taket har sele og er spent fast med vaier. Tryggleik er viktig når ein jobbar i tusen meters høgde med ei stupbratt fjellside under seg. Som formann er Sanden si oppgåve å leie dei andre på byggeplassen.

Oversikt lokale entreprenørar

  • Siv Ark Eva Eide Koefoed / Aaland Arkitektkontor, Oslo/Stryn
  • Nordplan As, Nordfjordeid
  • Riksheim Consulting As, Nordfjordeid
  • HS Bygg, Stryn
  • Stryvo, Stryn
  • Massiv Lust, Gaupne
  • Bolseth Glass, Sandane
  • Øvreberg, Stryn
  • Plato – blikkenslager Kvamme, Stryn
  • Lars Lindvik, Stryn
  • Gardit, Nordfjordeid
  • Ottar Dvergsdal, Skei i Jølster

Ikkje høgdeskrekk: Edgar Lunde har på sele og er festa i vaier. HMS er viktig når ein skal jobbe i høgdar som dette.

Ikkje høgdeskrekk

Annleis byggjeplass

Viss eit slikt stort prosjekt hadde vore nede i bygda, kunne dei ha sett av store område til lagring av materiale og utstyr. Her til fjells er plassen svært avgrensa.

– Vi må vere nøye med kva vi tek opp, slik at vi ikkje tek opp unødig plass. Alt må planleggast veldig godt. Fordi vi har så korte tidsfristar, er det veldig viktig at vi har alt vi treng til eikvar tid, seier Sanden.

Han har jobba på mange ulike byggjeprosjekt tidlegare, men å byggje ein gondolstasjon har gjort at dei må løyse ting dei aldri har vore borti tidlegare. Fjellstasjonen på toppen måtte fyllast med mykje masse for å kunne stå imot krafta frå gondolen.

– Vi kan jo ikkje risikere at stasjonen vert dratt nedover! Bygget er kraftig dimensjonert, og det er mange ledd i bygget. For å motverke krafta til gondolen, er bygget fylt opp av motvekt. Halve delen av “kjellaren” på bygget er fylt med 1000 tonn med stein. I tillegg veg sjølve bygget 2450 tonn.

I rute før mai

Driftsjef Reme seier alt er i rute til mai. Dei siste vekene har dei frakta journalistar i hopetal opp til byggjeplassen. Interessa frå både rikspresse, lokale aviser og fagpresse er stor. Få har gjort noko liknande i Norge før.

– Eg trur det kjem til å verte ein kjempesuksess. Dei som kjem opp hit, kjem til å få sjokk over den flotte utsikta. Sjølv drøymar eg om å ta banen opp her etter jobb og køyre på ski heim til Stryn. Det vert heller aldri feil med ein utepils her oppe, smiler Sanden.